Action

I Opplevelsesrikets smørauge

Sjå på eit kart over Lom og Skjåk med omegn. Tenk deg at du stiller deg sjølv i sentrum av kartet som er Lom og Skjåk. Nå står du midt i Opplevelsesriket! Her kan vi, Lom & Skjåk Adventure, by på eit mangfald av opplevingar og aktivitetar.

Her er noko av det Opplevelsesriket har å by på:

For det fyrste har du kommunane Lom og Skjåk. Begge er Nasjonalparkkommunar som betyr at her er det viktige naturverdiar å ta vare på for framtida.

Skjåk har heile 79 % av sitt areal verna , og er med det den kommunen i landet med prosentvis størst verna areal gjennom nasjonalparkar, naturreservat og landskapsvernområder. Naturen er vakker og variert, med slake flyer i aust, og kvasse tindar og brear i vest. Skjåk er den mest nedbørfattige kommunen i landet, og somrane er vanlegvis tørre og varme – medan områda vestover er snøsikre vinterstid. Skjåk har eit svært godt utbygd stinett, med nærast utallige turar gjennom heile bygda. Fleire av stiane er merka fra bygda og inn i nasjonalparken. Prøv gjerne ein av dei to stiane merka frå Lom & Skjåk Adventure si base på Ofossen mølle, Bispberget og Tverrfjellet. Du finn alle turane på iskjåk.no.

Lom har ca 60 % av sitt areal verna, og har også status som Nasjonalparklandsby.  Sentrum av Lom er ei perle – eit sentrum fullt av liv på sommaren, med ei lang liste av » må ha». Lom Stavkyrkje ligg midt i synsfeltet for alle som kjem til Lom. Kun slått av flotte Lomseggen som reiser seg majestetisk i bakgrunnen. For eit fantastisk syn det er! Bakeriet i Lom er som ein magnet på både oss og alle som kjem til Lom. Eit besøk på bakeriet er obligatorisk kvar gong vi er i Lom sentrum. Det blir ein del koppar kaffe og kanelsnurrar i løpet av eit år!  Den nærare 200 meter lange Prestfosstraversen over Prestfossen og under Ulstadbrua midt i sentrum er også noko du bør få med deg. Traversen gjev eit herleg kick i det du susar forbi utenfor bakeriglaset hengande i ein klatresele like over fossen. Deilig!

Nasjonalparkane Jotunheimen, Reinheimen og Breheimen omkranser bygdene våre med alt dei har å by på av naturmangfald. Eit besøk på Norsk fjellmuseum og ein tur inn i istunnelen i Klimaparken er gode kjelder til kunnskap om historia om fjella våre og bruken av dei.

Nasjonalparkane og områda rundt gjev oss fantastiske moglegheiter for å tilby naturopplevingar og aktivitetar.

Nede i dalbotnen renn elvene med den heilt spesielle grøne farga. Dette må berre opplevast. Sjølv for oss som bur her og jobbar ved og på elvene, er fasinasjonen over den spesielle grønfarga like stor kvarr eineste sommar. Dei mange elvene gjev oss moglegheit til raftingopplevingar for alle frå morosam familerafting, til utfordrande rafting for adreanlinfreekar. Rafting i Skjåk har alle sidar av rafting, frå tekniske bratte elver  til stor volumelv. Skjåk & Lom er også ei perle for kajakkpadlarar. Elva Skjøli i Skjåk er av mange kajakkpadlarar rangert som den beste padleelva i Norge. Og det seier litt!

I tillegg til rafting har Lom & Skjåk Adventure også mange andre spennande elveaktivitetar som kajakk, hydrospeed, SUP og ducky. Felles for alle er nærleiken til naturen. Her får ein virkeleg kjenne på elvas krefter! …og temperatur!

Juving er kanskje den mest intense naturopplevinga. Juvet Aura i Skjåk har ein natur og ein historie som gjer juveturen heilt spesiell. Menyen for juvet er innhaldsrik med rappell til forrett, natureige vassklier, jettegryter og fossar til hovudrett og klippehopp til dessert . Nærare naturen kjem du ikkje. Opplevinga er total!

I Breheimen ligg Dumdalsgrottene, der elva Dumma etter siste istid har vaska bort kalkhaldige bergarter og skapt grotter som vi kan utforske med lykter, utforskertrong og mangel på klaustrofobi. Å oppleve fjellet frå innsida er mektig.

Med alle fjella her hjå oss er det berre å velge på øverste hylle. Mange kan enkelt nåast på eigenhand, medan ein del toppar krev førar og/eller god erfaring og kunnskap. Å sitte på ein fjelltopp å sjå utover kongeriket gjev herleg kjensle av friheit Mellom toppane ligg breane med gnistrande blåis og venta på besøk av brevandrarar innbunde i tau og utstyrt med stegjern og isøks.

Og heilt på toppen ruvar Galdhøpiggen, 2469 meter høy. Ein tur opp hit er obligatorisk. Kvifor ikkje prøve seg på en tur utenfor rushtid? En soloppgangstur til piggen gjev deg moglegheiten til ein tur til toppen av Norge utan køgåing og med ei utsikt ein vil leve lenge på.

Ein tur til Lom & Skjåk kan også krydrast med vårskiløping i fjellet. Vi har flotte skiforhold til langt ut i mai. Eller kva med sommarski på Juvass eller Stryn sommerskisenter? Tenk deg for ein fantastisk kombinasjon å ha ein dag på ski i fjellet, og avslutte med ein rafting kveldstur på elva. Bland inn litt gode venner og god mat og drikke ,og vi snakkar virkeleg full pakke!

Når i tillegg våre næraste nabomr lyder navn som Geiranger, Sognefjorden, Sognefjellet og Stryn, blir pakka komplett. Å padle en tur utover fantastiske Geirangerfjorden ein solvarm ettermiddag med fjella som speglar seg i det blikkstille vatnet, er rett og slett fantastisk.

Lom & Skjåk er sjølve Opplevelsesriket. Naturen, opplevingane, aktivitetane, mangfaldet, for ein stad om vi skal si det sjølve! Og enda så har vi ikkje prata kultur- og matopplevingane!

Advertisements
Categories: Action, Adventure, Breheimen, Familie, Familierafting, Fjell, Galdhøpiggen, Jotunheimen, Kajakk, Lom, Lom&Skjåk Adventure, Nasjonalparkriket, Naturlegvis, Opplevelser, Rafting, Reinheimen, Skjåk, Sommerferie, Uncategorized | Legg igjen en kommentar

Blogg på WordPress.com.